Rheichavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rheichavet var eit urhav i paleozoikum som låg mellom kontinentet Baltica (Nord-Europa) og fleire terran som braut laus frå Gondwana, inkludert Avalonia i nord, og superkontinentet Gondwana i sør.

Det starta med ei riftsone, liknande den ein i dag ser i Aust-Afrika. Rifta kom truleg frå den midtoseaniske ryggen til Proto-Tethys-havet. Etter kvart som Baltica dreiv bort frå Gondwana opna Rheichavet seg. Då Baltica og Laurentia kolliderte med kvarandre i sein ordovicium og forma superkontinentet Euramerika hadde Rheichavet alt erstatta detmeste av Iapetushavet mellom Avalonia og Laurentia.

Rheichavet byrja å lukke seg i sein devon og vart eit smalt hav mellom Gondwana og Euramerika. Tidleg i karbontida hadde den austlege delen av Rheichavet alt lukka seg på rgunn av kollisjonen mellom Aust-USA og Afrika. Seinare kolliderte Sør-Amerika med det sørlege USA og lukka havet heilt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]