Rho-meson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit rho-meson eller ρ-meson er ein subatomær partikkel bygd opp av ein lett kvark (opp- eller nedkvark)) og ein lett antikvark. Rho-mesona finst i tre variantar, med positiv- og negativ elektrisk ladning og éit elektrisk nøytralt. Desse utgjer ein isospinn triplett-tilstand. Dei er analoge til piona bortsedd frå at rho-mesona har spinn 1, som svarar til at kvark og antikvark har parallelle spinn (medan piona har spinn null og antiparallelle kvarkspinn). Rho-mesona har ein masse på 770 MeV/c², som vil sei at dei er litt lettare enn protonet. Dei er særs ustabile, har ein midlare levetid på omkring 10–24 s, og desintegrerer til to pion.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]