Rhodes piano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For den greske øya, sjå Ródos.

Rhodes (eller Rhodes-piano) er eit elektromekanisk klaverinstrument. Amerikanaren Harold Rhodes fann opp instrumentet, og det vart først produsert av gitarprodusenten Fender, under namnet Fender Rhodes.[1]

Lyden av Rhodes-pianoet er rund og rein og skil seg derfor frå akustiske piano. Rhodes vert nytta i alle sjangrar, men er mest vanleg i jazz, soul, funk og pop. Artistar og band som Chick Corea, Stevie Wonder og Steely Dan er alle kjende for å la Rhodes-pianoet prege lydbiletet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rhodes Pre-Piano

Grunnlaget[endre | endre wikiteksten]

Den amerikanske pianolæreren Harold Rhodes laga eit slags «sengepiano» frå vrakrestane av eit bombefly under andre verdskrigen.[2] Dette førte til grunnlegginga av The Rhodes Piano Corporation i 1946, då han byrja å produsere det såkalla Pre-pianoet[1]. Leo Fender kjøpte firmaet i 1959, og Fender Instrument Manufactering Company starta produksjonen av 32-tangentsinstrumentet «Piano Bass», som blant anna The Doors-keyboardisten Ray Manzarek tok i bruk[1].

Gullalder[endre | endre wikiteksten]

Rhodes Piano Bass

I 1965 vart Fender kjøpt opp av CBS[1], men Rhodes-pianoet heldt namnet Fender Rhodes fram til 1974. CBS byrja å produsere Fender Rhodes Suitecase Piano, som er eit 73-tangentar stort piano, forsterkar og høgtalarkabinett i eitt instrument[1]. I 1970 starta produksjonen av det såkalla «Stage Piano» (scenepiano), utan høgtalar og forsterkar[1]. Seinare kom òg modeller med 88 tangentar, same mengd som på eit akustisk piano.

Innan jazz oppstod fusion1970-talet, der Rhodes-lyden vart ein viktig faktor. Chick Corea i gruppa Return to Forever, Joe Zawinul i gruppa Weather Report og Herbie Hancock vart føregangsfigurar både for den nye sjangeren og bruken av Rhodes. Rhodes-lyden nådde eit enda større publikum gjennom dei meir kommersielle sjangrane. Nær sagt alle fekk høyre den karakteristiske lyden gjennom til dømes «Let It Be» med The Beatles, «Just the Way You Are» med Billy Joel og «Heard It Through the Grapevine» med Marvin Gaye.[3]

Den digitale musikken[endre | endre wikiteksten]

Rhodes-pianoet hadde ein upopulær periode på slutten av '80- og byrjinga av 1990-åra. Håkon Graf omtaler perioden i ein artikkel i Musikkpraksis:

«Rundt midten av 80-talet fekk du ikkje selt eit Fender Rhodes om du så hadde kasta det etter folk. Då var det var det etterlikningar på synthen som gjaldt.»[2]

Produksjonen av det elektromekaniske Rhodes-pianoet stoppa i 1984[4], og tre år senere kjøpte Roland merkenamnet[2]. Til Harold Rhodes si store fortviling, vart det frå 1989 produsert ein ny modell med digital simulering av Rhodes-lyden, under namnet Rhodes MK-80.[4]

Relansering[endre | endre wikiteksten]

Bruken av Rhodes-pianoet tok seg kraftig opp i 1990-åra. På musikkmessa NAMM i 2007 vart Rhodes Mark VII lansert.[5] Modellen er eit elektromekanisk piano, bygd etter same prinsipp som i 1970-åra.

Den svenske musikkinstrumentprodusenten Clavia introduserte i 2001 Clavia Nord Electro.[6] Dette er ein digital synthesizer som simulerer lyden av ulike elektromekaniske tangentinstrument, blant anna Rhodes-pianoet. Nord Electroen har blitt populær, og vert brukt verda over for å etterlikne Rhodes-lyden, då denne simuleringa er veldig naturtru.

Mekanisme[endre | endre wikiteksten]

Tines på ein Fender Rhodes Mk I

Lyden av eit Rhodes-piano vert skapt av filt- eller gummibelagte hammarar som slår på nokre asymmetriske stemmegaflar som vert kalla tines[1]. Spelemåten er den same som på eit akustisk piano. Lyden kjem frå slag på metallstavar, og ikkje strenger. Det gjør at lyden er meir lik lyden av ein idiofon, til dømes vibrafonen, enn eit akustisk piano. Lyden blir plukka opp av magnetiske mikrofonar, pickuper[1], i likskap med den elektriske gitaren. Dette gjør det mogeleg å prosessere lyden ved hjelp av effektpedalar, på same måte som med ein elektrisk gitar. Effekter som ofte vert nytta med Rhodes-pianoet er forvrenging, vibrato og wah-wah.

Rhodes-pianoet kan bli ustemt, og må då stemmast ved hjelp av ei stemmefjør.[7]

Rhodes i bruk[endre | endre wikiteksten]

Døme på låter med omfattande bruk av Rhodes:

Internasjonale band og artister[endre | endre wikiteksten]

Norske band og artister[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Jon Pareles (2001-01-04). Harold Rhodes, 89, Inventor of an Electronic Piano (Engelsk). The New York Times. Vitja 11. februar 2013.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Håkon Graf (2003) «Rhodes elektriske piano» – Musikkpraksis, nr. 06/2003.
  3. History (Engelsk). Rhodes Music Corporation. Vitja 11. februar 2013.
  4. 4,0 4,1 Frederik Adlers. Fender Rhodes: The Piano That Changed the History of Music (engelsk). Vitja 11. februar 2013.
  5. 5,0 5,1 Joe Wallace (2007-01-08). Rhodes Reborn Just In Time For Winter NAMM '07 (engelsk). Vitja 11. februar 2013.
  6. A Brief Company History (engelsk). Clavia DMI AB. Vitja 11. februar 2013.
  7. Tuning the Rhodes Piano (engelsk). Vitja 11. februar 2013.
  8. David R. Adler (2001-07-22). MUSIC; A 70's Castoff Returns to the Brandstand (engelsk). The New York Times. Vitja 11. februar 2013.
  9. Sigrun and the Kitchen Band (2008) Blackcurrant and Other Berries CD-booklet – Big Box Music.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]