Skifergloauge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rhopornis)
Skifergloauge
Foto: Dario Sanches
Foto: Dario Sanches
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av Skifergloauge
Utbreiinga av Skifergloauge
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Maurfuglar Thamnophilidae
Slekt: Rhopornis
Art: Skifergloauge R. ardesiacus
Vitskapleg namn
Rhopornis ardesiacus

Skifergloauge, Rhopornis ardesiacus, er ein mellomstor maurfugl i den biologiske familien Thamnophilidae. Han er monotypisk i slekta Rhopornis.

Skifergloauge er endemisk for tørre skogar i høgder på 100-1000 moh. i delstatane Bahia og Mina si Gerais i Brasil. Han er truga av tap av leveområde. Denne relativt langhala maurfuglen er omtrent 19 centimeter i lengd. Begge kjønn er grå med svartkvite teikningar på vengene og dei har raude auge. Hannen har ein svart hals, medan hoa har ein kvit hals og ei brun krone.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Skifergloauge