Rhythm of Love av Alena Lanskaja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Rhythm of Love»
Singel av Alena Lanskaja
Land Kviterussland
Språk Engelsk
Utgjeve 2012
Låtskrivar(ar) Leonid Shirin, Yuri Vashchuk og A. Shirin

«Rhythm of Love» ville vere det kviterussiske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framførd på engelsk av Alena Lanskaja. Songen er skriven av Leonid Shirin, Yuri Vashchuk og A. Shirin.

Eurofest 2013[endre | endre wikiteksten]

Lanskaja deltok med songen i Eurofest 2013 og vann finalen 7. desember 2012. Det var andre året på rad ho vann tevlinga, men fyrste gong ho får representere Kviterussland i Eurovision Song Contest. Ho fekk tolv poeng frå både fjernsynssjåarane og juryen.[1]

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

Etter sigeren i Eurofest 2013 var det «Rhythm of Love» som fyrst vart presentert som det kviterussiske bidraget i Eurovision Song Contest 2013. 5. mars 2013 annonserte Nayjanalhaja dziarzjaunaia teleradyjokampanija Respubliki Belarus (NDTRK RB) at «Solayoh», skriven av Marc Paelinck og Martin King, vart valt ut til å representere Kviterussland i staden for «Rhythm of Love».[2] Songen vil verte framførd i den fyrste semifinalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Brey, Marco (7. desember 2012). «Alyona Lanskaya to represent Belarus in Malmö!» (på engelsk). European Broadcasting Union. Eurovision.tv. http://www.eurovision.tv/page/news?id=alyona_lanskaya_to_represent_belarus_in_malmoe. Henta 7. desember 2012. 
  2. Belarus at the Eurovision Song Contest 2013 (engelsk og kviterussisk). ESCKaz. Vitja 5. mars 2013.