Riaz Ahmed Gohar Shahi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Riaz Ahmed Gohar Shahi
S0210.JPG
Fullt namn urduskrift ریاض احمدگوھرشاہی
Fødd 25. november 1941, Dhok Gohar Sjah i Rawalpindi i Britisk India
Død 25. november 2001, Manchester i England i Storbritannia

Riaz Ahmed Gohar Shahi (25. november 194125. november 2001)[1] var ein muslimsk sufi, forfattar og grunnleggaren av den religiøse rørsla Anjuman Serfaroshan-e-islam.[2][1]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Gohar Shahi vart født i landsbyen Dhok Gohar Sjah i distriktet Rawalpindi, som i dag ligg i Pakistan.[1] Han tok til å interessera seg for religiøse studiar i tjueåra, men gjekk så ut i arbeidslivet, fann seg kone og stifta familie. Då han var rundt 34 år reiste han til Shorkot for å studera hjå sultan Bahuhj.[1] I tre år reiste han rundt i fjellområda ved Sehwan Sharif og Laal Bagh og fortalte om tankane sine. Etter ei stund tok han til å få tala i moskear, hindu- og sikhtempel og kyrkjer.

Kontrovers[endre | endre wikiteksten]

Læra hans og påstandar, som til dømes at han hadde møtt Jesus i USA,[3] førte til motstand og påstander om blasfemi både frå ortodokse muslimar og frå styresmaktene i Pakistan.[4] At tilhengjarane til Shahi påstod at dei kunne sjå avbildingar av han på månen, på sola og på Kaba-steinen i Mekka gjorde ikkje motstanden mot han mindre. Bøkene hans vart forbodne av delstatsregjeringa i Panjab,[4] og han blei utsett for drapsforsøk etter at det blei lyst ut ein fatva mot han.[5] I Manchester var ei bensinbombe kasta mot heimen hans og i Kotri i Pakistan vart det kasta granatar mot heimen hans.

I 1997 vart Gohar Shahi tiltala for å ha drepe ei kvinne som kom til han for å få andeleg rettleiing. Han og fleire av tilhengarane hans vart seinare dømt for blasfemi mot islam av ein antiterrortdomstol i Sindh.[6][6] Shahi rømde til England før rettssaka og vart dømt in absentia.[7]

Gohar Shahi døydde av lungebetennelse den 25. november 2001 i Manchester.[1] Lekamen hans vart frakta til Pakistan og gravlagt i Markazi Aastana i Kotri. Han etterlét seg ei enke, fem søner og ei dotter.[1]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Gohar Shahi skreiv fleire bøker og avhandlingar:

  1. Ruhani Safar ('Åndeleg reise')
  2. Menara-e-Noor ('Ljosets minaret')
  3. Roshnash ('Ei innføring')
  4. Tuhfa-tul-Majalis ('Gåver frå forsamlingar')
  5. Deen-e-Illahi ('Gud sin religion')

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Riaz Ahmed Gohar Shahi