Ribbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Ribbe (fleirtyding).
Juleribbe med sprø svor

Ribbe (svineribbe) er ein middagsrett framstilt av fersk sidekjøt av svin. Ribbe er tradisjonell julemat; på Austlandet har mellom 60 og 70 % ribbe til middag julaftan.[1]

Det er vanleg å servere ribbe med kokt potet, medisterpølse, medisterkake og surkål, og med sjy eller ribbefeitt, svisker og tytebær til. Tradisjonell drikke til ribba er øl og dram.[2]

Ribbe er kjend som julemat sidan tidleg 1800-tal. Med jernkomfyren vart det mogleg å steike kjøt i omn. Skikken med ribbe spreidde seg frå byane til bygdene på midten av 1800-talet. I bondekosthaldet har bruken av steikt, fersk ribbe vorte vanlegare frå slutten av 1800-talet, til avløysing for salta og tørka kjøt. Retten er nemnd som «Ribbensteg» i den første norske kokeboka frå 1831, skriven av Maren Elisabeth Bang, og hos den neste, store kokebokforfatterinna, Hanna Winsnes, i 1845.[3]

Forarbeidet med ribbekjøtet startar eit par dagar i forvegen, ved at kjøtet vert gnidd inn med salt og pepar. Når kjøtet vert steikt, vert det først dampa med svorsida ned, før ribba vert snudd og steikt vidare med svorsida opp. Dei siste minuttane vert ho steikt på sterk varme, så svoren vert sprø.[4]

Ulike slag svineribbe[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonel svineribbe er skoren som tynnribbe eler flatribbe, slik at kotelettkammen er skoren frå. På midtribbe følgjer kotelettraden med. Midtribbe treng noko lengre steiketid. Ein ny måte å skjere til ribba på, er familieribbe, her er det meste av kotelettraden fjerna, men sidekammen følgjer med ribba, slik at tjukna vert jamnare enn på midtribbe.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Andreas R. Graven (23. november 2006). «Tviholder på ribbe og pinnekjøtt». forskning.no. Arkivert frå originalen 1. desember 2006. 
  2. klikk.no: Oppskrift på ribbe med sprø svor
  3. matprat.no: Julemattradisjoner - Ribbe Arkivert 2008-12-18 ved Wayback Machine.
  4. nrk.no: Oppskrift: Svineribbe

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]