Ribeauvillé
| Ribeauvillé | |
|---|---|
| Gate i Ribeauvillé med slottet i bakgrunnen. | |
| Styresmakter | |
| Land Region Departement |
Frankrike Alsace Haut-Rhin |
| Geografi | |
| Flatevidd - By |
32,21 km² |
| Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
4 929 153/km² |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Høgd over havet | 240 m |
| Tidssone | CET (UTC+1) |
| Diverse anna | |
| Postnummer | 68150 |
Ribeauvillé (elsassisk Rappschwihr; tysk Rappoltsweiler) er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Haut-Rhin i regionen Alsace og har om lag 5 000 innbyggjarar.
Den pittoreske byen ligg om lag 15 km nord for Colmar og 75 km sør for Strasbourg.
Historie [endre]
Byen vart på 700-talet kalla Rathaldovilare og byen gjekk frå biskopane av Basel til herrane av Rappoltstein, som var dei mest kjende adelsmenna i Alsace. Herrane av Rappoltstein verna dei omvandrande trubadurane i landet mot betaling.
Då familien forsvann i 1673 gjekk denne oppgåva som «konge over spelemenna» (Pfeiferkönig) vidare til greveane av Zweibrücken-Birkenfeld. Trubadurane hadde eit pilegrimskapell nær Rappoltsweiler tileigna vernehelgenen deira Maria von Dusenbach, og her haldt dei ein fest den 8. september kvart år. Ribeauvillé vart kalla Rappoltsweiler fram til 1800-talet.