Riccardo Giacconi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Riccardo Giacconi
RiccardoGiacconi.jpg
Giacconi ved National Medal of Science prisseremoni (2003)
Fødd 6. oktober 1931 (83 år)
Genova i Italia
Statsborgarskap Italia og USA
Nasjonalitet Italiensk
Område Astrofysikk
Institusjonar Johns Hopkins University
Chandra X-ray Observatory
Alma mater Università degli Studi di Milano UNIMI Milano
Kjend for Røntgenastronom
Utmerkingar Nobelmedaljen Nobelprisen i fysikk (2002)

Riccardo Giacconi (fødd 6. oktober 1931) er ein italiensk fysikar og pioner innan røntgenastronomi. Han avla doktorgraden sin ved universitetet i Milano i 1954.

Giacconi mottok Nobelprisen i fysikk i 2002 for den banebrytande innsatsen sin innan astrofysikken, som har førte til oppdaginga av kosmiske røntgenkjelder. Han mottok halvparten av prispengane, medan amerikanaren Raymond Davis jr. og japanaren Masatoshi Koshiba delte den andre halvparten.

For å oppdage kosmisk røntgenstråling, som vert absorbert av jordatmosfæren, trengst det eit instrument plassert i rommet. Giacconi konstruerte eit slikt instrument. Han oppdaga den første røntgenkjelda utanfor solsystemet vårt og vart den første som kunne konstatere at universet har ein røntgenstrålande bakgrunn. Giacconi konstruerte òg dei første romteleskopa, som har blitt brukt til å ta nye og skarpere bilete i røntgen av universet.

Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]