Ricercar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ricercare)

Ein ricercar, ricercare eller recercar er ein type instrumentale musikkstrykke frå seinrenessansen og tidlegbarokken. Uttrykket tyder å «søke fram» og mange ricercarar har som funksjon å «søke fram» den rette tonen eller tonearten før det neste stykket. Ein ricercar kan vere ein variasjon av eit visst motiv og på den måten kan stykke reknast som ein illustrasjon.

I den vanlege bruken av omgrepet vert det nytta om ei tidleg form for fuge, særleg ein av seriøs karakter. Omgrepet har òg vorte nytta om mange typar komposisjonar, og alt på 1500-talet kunne ein nytte toccata, canzona, fantasti og ricercar om ein annan. Likevel fell ricercarar inn i to generelle typar: ein som er hovudsakleg homofon, ikkje ulikt ein toccata, og ein type verk som består av sjølvstendige delar, der kvar del byrjar med ein imitasjon. Døme på begge former finn ein hos Girolamo Frescobaldi. Den andre forma for ricercar, den imitative, skulle vise seg å verte mest viktig historisk og utvikla seg til fugen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]