Richard Birkeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Richard Birkeland

Fødd6. juni 1879
Farsund kommune
Død10. april 1928
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkematematikar, professor
InstitusjonarNoregs tekniske høgskole
Universitetet i Oslo

Richard Birkeland (fødd 6. juni 1879 i Farsund, død 10. april 1928 i Oslo) var ein prislønt norsk matematikar og den første som heldt forelesing ved NTH.[1]

Etter eksamen i bygg ved Kristiania tekniske skole, der han lærte matematikk av Elling Holst, var han litt i vegvesenet, tok examen artium 1901 og lærte meir matematikk hos Henri Poincaré, Picard og Goursat i Paris, samt hos David Hilbert og Felix Klein ved Georg-August-Universität Göttingen. I denne tida var han òg tilsett ved Statens regnecenter 1903-08. Før han i 1910 vart professor i matematikk ved det nye Norges Tekniske Høgskole i Trondheim, var han lærer ved Kristiania tekniske skole eitt år og fekk levert avhandlinga si om differensiallikningar. Den var på fransk og heitte Sur certaines singularités des équations différentielles.

Det vart lite forsking etter han vart viserektor 1916-17 og rektor der 1920–23, så han flytta til Oslo, der han var professor i bruksmatematikk frå 1923 til han døydde. Han var fagleg særs allsidig, men er mest kjend for arbeida om algebraiske likningar og hypergeometriske funksjonar.

Richard Birkeland var den som først fekk idéen til stifringa av Norsk matematisk forening i 1918.[2] Professor Birkeland var den første til å halde ei forelesning ved NTH. Dette skjedde mandag 19. september 1910. Denne historiske hendinga fann stad i auditorium C, og faget var matematikk.[3]

Han var fetter av Kristian Birkeland og far til Øivind Birkeland. I 1973 vart Richard Birkelands veiGløshaugen i Trondheim kalla opp etter han.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Verv[endre | endre wikiteksten]

  • NTH, viserektor 1916-17, rektor 1920-23
  • komité for opprettinga av lærarhøgskulen i Nidaros
  • Statens forskningsfond, komiteen
  • Trondhjems boligråd, formann
  • Trondhjems folkebibliotek, i styret
  • Trondhjems polytekniske forening, formann (fekk heidersteiknet)
  • Studentersamfundet i Trondhjem, kanslar av ordenen «De Sorte Faars Ridder Skab» og utropt til «Gouvernør over Værdalen»
  • Norsk matematisk forening, medstiftar 1918 og viseformann nokre år

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Richard Birkeland. (2012-02-08) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Richard_Birkeland
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 13. desember 2006, henta 8. februar 2012 
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 26. april 2007, henta 8. februar 2012