Richard Dadd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Richard Dadd under arbeid med Contradiction: Oberon and Titania (1854/1858).

Richard Dadd (1. august 18177. januar 1886) var ein engelsk målar best kjend for findetaljerte bilete av alvar. Det best kjende verket hans er The Fairy Fellers Master-Stroke (1855–64) som heng i Tate Gallery i London.

The Fairy Fellers Master-Stroke (1855–64)

Dadd var ein apotekarson fødd i Kent. Han viste tidleg talent for teikning, og blei 20 år gammal teken inn ved Royal Academy of Arts. I 1842 blei han teken med av Sir Thomas Phillips, ein tidlegare borgarmeister, på ein ekspedisjon til Midtausten. Medan dei segla på Nilen i Egypt endra Dadd heilt personlegdom, han hallusinerte og var valdeleg. Dei andre i følgjet trudde først han hadde fått solstikk, medan Dadd sjølv meinte han var besett av den gamle egyptiske guden Osiris.

Då Dadd kom tilbake til England våren 1843 tok familien han med til Kent for at han skulle koma seg. I august fekk han for seg at faren var djevelen og drap han med kniv. Richard Dadd flykta til Frankrike, men då han undervegs til Paris prøvde å drepa ein medturist med eit barberblad, blei han overmanna og arrestert. Han blei sendt til sinnsjukehuset Bethlem Royal Hospital, der han blei verande i tjue år. I 1864 blei han flytta til Broadmoor-asylet, der han døydde i 1886. Dadd skapte dei fleste meisterverka sine som pasient på desse sjukehusa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Dadd, Richard» The Oxford Companion to English Literature. Ed. Margaret Drabble. Oxford University Press, 2000. Oxford Reference Online. Oxford University Press. Open University. 11 July 2008
  • Denne artikkelen bygger på «Richard Dadd» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juli 2008.