Richard Dawkins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Richard Dawkins

Clinton Richard Dawkins (fødd 26. mars 1941) er ein britisk etolog, evolusjonsbiolog og populærvitskapsforfattar som held Charles Simonyi Chair for Public Understanding of Science ved Oxford University.

Dawkins er mest kjend for boka The Selfish Gene (norsk: Det egoistiske genet) (1976), som populariserte det gensentriske synet på evolusjon. Boka introduserte òg omgrepet mem og var såleis med på å grunnlegga disiplinen memetikk. I andre bøker har han argumentert for korleis gen kan verka på andre kroppar enn den dei sjølv sit i (The Extended Phenotype, 1982), og for evolusjon ved naturleg utval generelt.

Dawkins er ein ateist, humanist og skeptikar, og eit framståande medlem av den såkalla Brights-rørsla. På grunn av forsvaret sitt av darwinistisk evolusjon vert han stundom omtala som «Darwins rottweiler», eit ordspel på Thomas Huxleys epitet «Darwins bulldog».

Dawkins' seinaste bok er The God Delusion (2006), som er ein kritikk av religion. I boka hevdar han mellom anna at religionar urettmessig har ein privilegert immunitet mot kritikk.

Publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Utvalde essays[endre | endre wikiteksten]

Sjå og Dawkins' Huffington Post-artiklar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nettsider