Richard Herrmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Richard Herrmann (fødd 11. september 1919 i Larvik, død 15. juni 2010) var ein norsk journalist, kåsør og forfattar. Han voks opp på Torstrand i Larvik, men var dei siste åra av livet sitt busett på Skøyen i Oslo.

Herrmann var tilsett i den europeiske avdelinga til Reuters i London frå 195264. Frå 1961 fungerte han som redaktør for den britiske avdelinga til Reuters. Frå 1952 var han frilansmedarbeidar i NRK, før han blei fast London-korrespondent for NRK frå 196477. Etter det jobba han i programsekretariatet i radioen fram til 1984, då han fekk særskild ansvar for oppbygginga av NRK P2. Han hadde ei rekke radiokåseri opp i gjennom åra. Herrmann har skrive fleire bøker om historia, samfunns- og dagleglivet til britane.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1967Over til London
  • 1968Paradisveien
  • 1970Bak den svarte døren
  • 1972Under Big Ben
  • 1976Da ballen ble rund og andre historier om engelsk fotball
  • 1976Kvinner for freden
  • 1983London: Mine gleders by
  • 1985Seks skudd ved sengetid og andre mord
  • 1986Livet med Elizabeth og andre kongelige personer
  • 1987Victoria: en dronning for sin tid
  • 1988Maria Stuart og hennes verden
  • 1990Gammel krone for ny tid
  • 1991En dikter fra Stratford (berre som lydbok)
  • 1992Med skjebnen i hånden: Churchill-slekten i krig og fred
  • 1993Fotballen: Den alvorlige leken

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]