Richard Lestock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Richard Lestock

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 22. februar 1679
Portsmouth
Død

17. desember 1746 (67 år)
Portsmouth

Yrke militær
Språk engelsk
Richard Lestock på Commons

Richard Lestock (22. februar 167917. desember 1746) var ein offiser i Royal Navy og til slutt admiral. Han kjempa i mange slag og var ein kontroversiell person som er best hugsa for nederlaget i slaget ved Toulon, og vart derfor stilt for krigsrett.

Lestock følgde faren sine fotspor inn i marinen. I 1701 vart han tredjeløytnant på «Cambridge» og steig raskt i gradene. Som kommandør på HMS «Vulture» deltok han i frigjeringa av Barcelona og erobringa av Alicante. I 1707 støtta han Sir George Byng i nederlaget ved Toulon, men erobra Menorca året etter. I 1709 vart han angripe av to fiendtlege fregattar utanfor Lisboa og vart tvungen til å overgje skipet. Heime i England vart han stilt for krigsrett for å ha tapt skipet, men vart frikjend 31. august 1709.

Dei neste åra segla han i britiske flåtar i Vestindia og i Austersjøen, der han fekk kommando over ein skvadron på sju skip. I Skagerrak utmerkte han seg ved å ta svenske kaperar og Byng gjorde han til andrekaptein på flaggskipet sitt under slaget ved Kapp Passaro i 1718. Dei neste ti åra steig han ikkje i gradene, men vart etter kvart kaptein over eige skip. I 1739 segla han med Sir Chaloner Ogle til Vestindia, der han av viseadmiral Edward Vernon vart utpeikt til kommandør og tredjekommanderande av flåten. Lestock deltok i slaget ved Cartagena de Indias, der han fekk i oppdrag å angripe Fort San Luis den 23. mars 1741. Slaget enda med nederlag og Lestock returnerte til England, der han tok kommando over ein skvadron som segla til Middelhavet for å støtte Nicholas Haddock. I 1742 vart han utnemnde til kontreadmiral og då Haddock måtte reise heim på grunn av sjukdom, vart Lestock øvstkommanderande for ein kort periode.

I 1744 deltok Lestock i slaget ved Toulon under den austerrikske arvefølgjekrigen. Slaget vart eit nederlag for britane og Lestock vart skulda for ikkje å ha følgd eller forstått den opphavlege åtaksplanen, men vart igjen frikjend heime i England, og berre to dagar seinare, 3. juni 1746, vart han utnemnde til admiral og fekk kommandoen over ein stor skvadron. 13. desember 1746 døydde han av ein magesjukdom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]