Richard Owen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Richard Owen

Fødd20. juli 1804
Lancaster i Lancashire
Død18. desember 1892
Richmond Park, London
NasjonalitetDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Områdezoologi, paleontologi
Yrkekurator, biolog, paleontolog, zoolog, universitetslærar, anatom, paleoantropolog, skribent
InstitusjonarHunterian Museum
Hunterian Museum
Royal College of Surgeons of England
Natural History Museum
Alma materUniversity of Edinburgh
Lancaster Royal Grammar School
Barts and The London School of Medicine and Dentistry
MedlemRoyal Society
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Kungliga Vetenskapsakademien
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Det ungarske vitskapsakademiet
Det franske vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Royal Microscopical Society
Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL
Det bayerske vitskapsakademiet
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
National Academy of Sciences
Accademia delle Scienze di Torino

Richard Owen (20. juli 180418. desember 1892) var ein engelsk biolog, paleontolog og komparativ anatomikar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Owen vart fødd i Lancaster og fekk utdanninga si ved Lancaster Royal Grammar School. I 1820 vart han lærling hjå ein lokal kirurg og apotekar, og i 1824 gjekk han vidare til å studera medisin ved universitetet i Edinburgh. Året etter forlet han universitetet, og fullførte medisinutdanninga si ved St.Bartholomew's Hospital i London, der han møtte den dyktige kirurgen John Abernethy.

Vidare førte han ein vanleg profesjonell karriere, men alltid med ei dragning mot anatomisk forsking. Abernethy fekk han til å akseptera ei stilling som assistent til konservator William Clift ved museet til the Royal College of Surgeons. Dette yrket fekk han fort til å gje opp tanken om legepraksis; i staden vigde han livet sitt til vitskapleg arbeid. Noko av det viktigaste tidlege arbeidet hans var katalogiseringa av Hunter-samlinga, der han tileigna seg særs gode kunnskapar om komparativ anatomi. I 1836 vart han utnemnd til Huntersk professor, og i 1849 avløyste han Clift som konservator. Denne stillinga heldt han til 1856, då han vart ansvarleg for dei naturhistoriske samlingane ved British Museum. Her vigde han mykje energi til å få stelt i stand eit naturhistorisk nasjonalmuseum, noko han til slutt fekk til: Det vart bygd eit nytt museum, spesielt for dei naturhistoriske samlingane, i South Kensington. Dette stod ferdig i 1884, då Owen vart slått til riddar av Baths orden, for så å pensjonera seg.

I slutten av karrieren si vart han ofte skulda for ikkje å kreditera andre menneske sitt arbeid, og ofte òg for å hevda at det var hans eige. Den kanskje grovaste saka fann stad i 1844, då han hevda eineansvar for materiale i ein artikkel om belemnittar; materiale Chaning Pearce tydeleg allereie hadde presentert for the Geological Society nokre år tidlegare. Som følgje av desse skuldingane mista han plassen sin i råda til the Zoological Society og the Royal Society.

Owen hadde ein tendens til å støtta ortodokse vitskapsmenn og dei rådande tilhøva. Denne konservative elitismen trekte til seg ei rekkje mektige vener frå eliten. Kongefamilien skjenka han ei hytte i Richmond park, og Robert Peel sette han på the Civil List.

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

Richard Owen med skjelettet til ein moafugl (Dinornis)

Under arbeidet med Hunter-samlingane var Owen oppteken ikkje berre av dei innsamla materiala, men og med disseksjon av ferskare eksemplar. Han fekk privilegiet av å undersøka alle dyr som døydde i anlegget til det zoologiske selskapet, og då desse tok til å publisera vitskaplege tekster i 1831 var Owen ein av dei ivrigaste bidragsytarane på anatomifeltet frå starten av.

Den første minneverdige publikasjonen hans kom i 1832 og tok for seg perlebåtar eller nautilus; primitive blekksprutar med spiralsnodde skal. Seinare vart han m.a. den første til å beskriva svampen Venusbeger (Euplectella, 1841, 1857) og den parasittiske rundmarken Trichina spiralis. Systematikken han innførte for m.a. brachiopodar og blekksprut (Cephalopoda) vart òg brukt i lang tid seinare.

Det er likevel for arbeidet med utdøydde dyr Owen gjorde seg mest merka. M.a. var det han som lanserte omgrepet dinosaurus i 1848. Då Charles Darwin kom attende frå reisa si med Beagle, var det Owen som fekk i oppgåve å katalogisera fossilane han hadde funne i Sør-Amerika. Owens oppdagingar av at dette materialet dreidde seg om utdøydde kjempeformer av m.a. nolevande dovendyr, beltedyr og gnagarar var ein viktig del av grunnlaget for Darwins lære om utviklinga. Owen trudde derimot aldri på utviklingslæra sjølv.