Richard Parkes Bonington

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Scene i Normandie, 1823
Ved Adriahavskysten, ca 1824

Richard Parkes Bonington (25. oktober 180223. september 1828) var ein britisk kunstmålar som arbeidde i Frankrike. Han var ein dei fremste britiske landskapsmålarane under romantikken.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Bonington kom tidleg til Paris og vart elev ved Antoine-Jean Gros sitt atelier. Han vart kjend med Eugène Delacroix og vart påverka av denne, men utdanna seg til landskapsmålar på eiga hand. Saman med John Constable vekte han stor merksemd på utstillingar i Paris i 1822 og 1824 med to bilete med motiv frå Normandie. Gjennom sine friske, lyse fargetonar og fint avmålte landskapskunst vart han ein banebrytar for det intime landskapsmåleriet i Frankrike, og ein forgjengar til Barbizon-skulen.

Boningtons bilete, fremst landskap i olje og akvarell, har motiv frå Frankrike, Storbritannia og Venezia. Han laga også mange historiemåleri, med både mellomalderske og orientalske motiv, og dessutan portrett. Alt saman utført med stor teknisk briljans. Bonington var også ein framifrå litograf.

Han døydde av tuberkulose i London i 1828.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Richard Parkes Bonington

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon