Richard Schrock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Richard Royce Shrock (fødd 4. januar 1945) er ein amerikansk kjemikar og nobelprisvinnar.

Shrock er fødd i Berne i Indiana. Han utdanna seg i kjemi ved California-universitetet og tok doktorgrad ved Harvard under J. A. Osborn. Han blei tilsett ved Massachusetts Institute of Technology i 1975 og held i dag ei professorstilling i kjemi der.

I 2005 blei Schrock tildelt Nobelprisen i kjemi saman med Robert Grubbs og Yves Chauvin for sitt arbeid med den organiske synteseteknikken olefinmetatese.