Richard Wright (1908-1960)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Richard Wright.jpg

Richard Wright (4. september 190828. november 1960) var ein amerikansk forfattar. Han voks opp i Mississippi og Tennessee før han flytta til Chicago då han var nitten. Dette skildra han i sjølvbiografien Black Boy (1945, på norsk Svart ungdom, 1947). Etter nokre år med andre jobbar og studiar vart Wright forfattar med novellesamlinga Uncle Tom's Children (1938), om rasekonflikt, vald og kamp for menneskeverd i Sørstatane. Den naturalistiske romanen Native Son frå 1940 (på norsk Nigger, 1947) vert rekna som hovudverket hans. Romanen er prega av det kommunistiske samfunnssynet til Wright. Dette skreiv han òg om i eit essay i antologien The God That Failed (1950).

Wright flytta til Paris etter den andre verdskrigen. Her skreiv han mellom anna romanen The Outsider (1953), der han syner interesse for eksistensialismen, Savage Holiday (1954), The Long Dream (1958) og Lawd Today (1963), novellesamlinga Eight Men (1961), reiseskildringa Black Power (1954) frå Ghana, The Color Curtain (1956) om Bandungkonferansen mellom afrikanske og asiatiske land og den kritiske skildringa av Spania kalla Pagan Spain (1957).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]