Richterbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 77°10′S 155°25′W
Richterbreen
isbre
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad King Edward VII Land
 - koordinatar 77°10′S 155°25′W
Administrert under Antarktistraktaten
Richterbreen is located in Antarktis
Richterbreen (Antarktis)

Richterbreen er ein slak isbre som ligg 19 km vest for Scott Nunataks på nordsida av Edward VII Peninsula. På andre sida av skardet på toppen av breen ligg Butlerbreen. Breen flyt nordvest til sjøen der han dannar ei lita bretunge. Isbreen og tunga er synt på kart frå Byrd-ekspedisjonen i 1928-30. Kartet indikerer at laget som gjekk i land frå «Kainan Maru» (Nobu Shirase) drog opp denne breen til toppen av Scott Nunataks i januar 1912. Isbreen vart kartlagt i detalj av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy i 1959-65. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Gregory S. Richter, ein meteorolog og forskingssjef på Byrd-stasjonen vinteren 1968.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Richter Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).