Riddarsporeslekta
| Riddarsporeslekta | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantae | |
| Rekkje: | Magnoliophyta | |
| Klasse: | Magnoliopsida | |
| Orden: | Ranunculales | |
| Familie: | Ranunculaceae | |
| Slekt: | Delphinium | |
| Vitskapleg namn | ||
| Delphinium | ||
Riddarsporeslekta (lat. Delphinium) er ei planteslekt i soleiefamilien. Om lag 300 artar tilhøyrer slekta. Desse finn ein naturleg frå Vest-Europa aust til Sentral-Asia.
Det er ingen artar i denne slekta som veks naturleg i Noreg. Derimot er ein art nytta mykje som hageplante: spesielt kultivarar av hybriden Delphinium x elatum, hageriddarspore.
Nemninga riddarspore blir òg nytta om plantar både i slektene Consolida og Delphinium. Artane i Consolida skil seg frå Delphinium gjennom blomsterstrukturen, der plantane i Consolida har ein meir open struktur, medan plantane i Delphinium har blomstrar som sitt og dannar ei søyle.
Dei fleste artane i Delphinium er fleirårige, medan artane i Consolida er eittårige.
Alle artane er giftige.