Riding with the King

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Riding with the King
Studioalbum av B.B. King og Eric Clapton
Utgjeve 13. juni 2000
Sjanger Bluesrock
Lengd 61:13
Selskap Reprise
Produsent Eric Clapton, Simon Climie
Kritikk
B.B. King-kronologi
Let the Good Times Roll
(1999)
Riding with the King Makin' Love Is Good for You
(2000)
Eric Clapton-kronologi
Clapton Chronicles: The Best of Eric Clapton
(1999)
Riding with the King Reptile
(2001)

Riding with the King er eit bluesalbum av Eric Clapton og B.B. King som kom ut i 2000. Det var det første samarbeidet deira på plate og dei vann Grammyprisen for beste tradisjonelle bluesalbum i 2000. Albumet nådde førsteplassen i USA og i Noreg. Det vart òg gjeven ut på DVD-Audio med høgare oppløyst og i ein kringlyd#5.1 kringlyd-miks i 2000.

Albumet fekk generelt god kritikk, men enkelte følte at det kunne ha vore betre og at lyden på plata var for polert for eit bluesalbum.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Riding with the King var det første samarbeidsalbumet til Eric Clapton og B.B. King.[1][3] Dei spelte i lag første gongen i Cafe Au Go Go i New York City i 1967 då Clapton var 22 og medlem av Cream, men dei spelte ikkje inn noko i lag før 1997, då King samarbeidde med Clapton på songen «Rock Me Baby» for duettalbumet hans, Deuces Wild.[4][5] Clapton såg opp til King og hadde alltid ønskt å lage eit album med han.[4] King sa at dei ofte diskuterte prosjektet og la til: «Eg beundrar han. Eg syns han er nr. 1 i rock 'n' roll som gitarist og nr. 1 som ein flott person».[4] På tida då Riding with the King kom ut var Clapton 55 og King 74.

Clapton sette i stand innspelinga for Riding with the King og tok med seg nokre av sine faste studiomusikarar på albumet. Han valte òg ut songane og samproduserte det i lag med Simon Climie, som tidlegare hadde arbeidd på fleire Clapton-album.[1] Det såg ut til at det var eit Clapton-album innspelt i lag med King, men Clapton sette King først, og let han spele og synge solo på mange av songane.[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Albumet inneheld fem «gamle» King-songar frå 1950- og 1960-åra: «Ten Long Years», «Three O'Clock Blues», «Help the Poor», «Days of Old» og «When My Heart Beats Like a Hammer».[4] Andre standarar var Big Bill Broonzy-songen «Key to the Highway» (som Clapton hadde spelt inn tidleg i 1970-åra med Derek and the Dominos), Maceo Merriweather sin «Worried Life Blues», ein cover av Isaac Hayes-songen «Hold On, I'm Comin'», opphavleg ein singel i 1966 for Sam & Dave, og «Come Rain or Come Shine» frå musikalen St. Louis Woman frå 1946.

Albumet var ei blanding av akustiske og elektriske songar.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

William Ruhlmann i Allmusic merka seg at Riding with the King handlar meir om King enn om Clapton og at Clapton meir speler ei støtterolle på albumet. Ruhlmann sa at resultatet er «effektivt», men «aldri verkeleg makelaust»[1] Dan Moos i PopMatters skildra albumet som «ein sterk bluescocktail ... med ein del Mr. Clapton glattheit med tre delar Mr Kings blues-statur».[6] Steve Futterman i Entertainment Weekly kalla samarbeidet mellom «far» og «son» for «triumferande».[2]

Riding with the King nådde førsteplassen på Blues-lista i 2000 og vart gjeven dobbel platinaplate i USA. Det vart òg kåra til årets beste tradisjonelle bluesalbum i USA.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Riding with the King»   John Hiatt 4:23
2. «Ten Long Years»   B.B. King, Jules Taub 4:40
3. «Key to the Highway»   Big Bill Broonzy, Charles Segar 3:39
4. «Marry You»   Doyle Bramhall II, Susannah Melvoin, Craig Ross, Segar 4:59
5. «Three O'Clock Blues»   King, Taub 8:36
6. «Help the Poor»   Charles Singleton 5:06
7. «I Wanna Be»   Bramhall, Sexton 4:45
8. «Worried Life Blues»   Big Maceo Merriweather 4:25
9. «Days of Old»   Jules Bihari, King 3:00
10. «When My Heart Beats Like a Hammer»   King, Taub 7:09
11. «Hold On, I'm Comin'»   Isaac Hayes, David Porter 6:20
12. «Come Rain or Come Shine»   Harold Arlen, Johnny Mercer 4:11

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]