Ridvan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bilete av ridvan-hagen i Bagdad.

Ridvan er arabisk for paradis, og er namnet på den viktigaste høgtida innan bahaitrua. Ho går over tolv dagar, frå 21. april (startar ved solnedgang 20. april) til og med 2. mai, og er til minne om Bahaullah si forkynning om at han var Gud sin budberar frå vår tid. Dette fann stad i Ridván-hagen i Bagdad på dei same datoane i 1863.

Den første (21. april), niande (29. april) og tolvte (2. mai) dagen av ridvan er særskilde høgtidsdager der ein tek seg fri frå skule og arbeid.