Riella americana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Riella americana
Riella americana
Riella americana
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Levermosar Marchantiophyta
Klasse: Marchantiopsida
Underklasse: Sphaerocarpidae
Orden: Sphaerocarpales
Familie: Riellaceae
Slekt: Riella
Art: R. americana
Vitskapleg namn
Riella americana

Riella americana er ein levermose som lever i vatn. Han veks vertikalt og vert 1-3 cm høg. Han veks i teppe på stein i ferskvatn. Som andre artar i slekta er R. americana thalloid. Thalluset har form som ei lang tynn vengje langs ein stilk. Langsetter stilken sit òg to rader med små bladliknande utvekstar. Anthiridia sit langs kanten av vengja i ei samanhengande rad. R. americana er særkjøna (antheridia og archegonia sit på kvar sin plante). Hoplanten har som regel 3-12 archegonia.

Arten veks spreidd i det sentrale USA, i Mexico og Argentina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]