Rienza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rienza
Utspring Dolomittane
- Høgd 2 180 moh
Munning Isarco
- Høgd 550 moh
Land i nedslagsfelt Italia
Lengd 90 km

Rienza (tysk Rienza) er ei elv i provinsen Bolzano nord i Italia. Ho har sitt utspring i Dolomittane i ei høgd 2 180 meter over havet, sør for Toblach. Nær Toblach renn ho inn i Pustertal (Val Pusteria) og etter 90 km munnar ho ut i Isarco i byen Brixen i ei høgd på 550 meter over havet.

Rienz renn gjennom kommunane Toblach, Niederdorf, Welsberg-Taisten, Olang, Bruneck, St. Lorenzen, Kiens, Vintl, Mühlbach, Rodeneck og Brixen.

Dei viktigaste sideelvane hennar er Aurino, som dannar Ahrntal og som utgjer 1/3 av den totale vassføringa hennar, Rio Gadera, Rio Anterselva, Rio Braies og Rio Fundres

Den største vassføringa til Rienz ligg på rundt 60 m³/s.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]