Rift

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjematisk oversikt over ei rift med tre segment.

Rift er eit geologisk omgrep for ei avlang trau- eller kløftforma forsenking som blir danna i område med fleire parallelle normalforkastingar som vender mot kvarandre. Særleg kjent er Riftdalen i Aust-Afrika. Riftsystem opptrer i samband med byrjande oppsprekking av ei kontinentalplate eller ved havbotnspreiing.

Oslofeltet er ei såkalla paleorift, det vil seie at ho er ikkje lenger aktiv. Rifta utgjer heller inga vesentleg terrengmessig forsenking.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Rift» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013.