Righi–Leduc-effekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Righi–Leduc-effekt er ein magnetotermisk effekt som opptrer når ein elektrisk leiar eller halvleiar blir plassert i eit magnetfelt og det blir sendt ein varmestraum gjennom leiaren på tvers av retninga til magnetfeltet. I retninga vinkelrett på varmestraumen og feltet blir det då ein temperaturskilnad tvers over leiaren. Dette blir kalla transversal Righi–Leduc-effekt. Effekten er analog til halleffekten ved elektrisk straum. Longitudinal Righi–Leduc-effekt viser seg i ei forandring i varmeleiinga når det blir sett eit magnetfelt vinkelrett på varmestraumen.

Namnet er etter den italienske fysikaren Augusto Righi (1850–1920) og den franske fysikaren Sylvestre Anatore Leduc (1856–1937).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]