Rigmor Aasrud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rigmor Aasrud

Rigmor Aasrud (fødd 26. juni 1960) er ein norsk mellomleiar, politikar og tidlegare ordførar i Gran kommuneHadeland. Ho representerer Arbeiderpartiet. 20. oktober 2009 blei ho utnemnd til statsråd i Jens Stoltenberg si andre regjering, med ansvar for Fornyings- og administrasjonsdepartementet der ho overtok etter Heidi Grande Røys, samt kyrkjesaker i Kultur- og kyrkjedepartementet. Aasrud har stillingstittelen Fornyings- og kyrkjeminister.

Aasrud kom frå stillinga som statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet som ho fekk i 2005. Ho er i tillegg til å vere fornyings- og kyrkjeminister, settestatsråd (for Hanne Bjurstrøm) i Arbeidsdepartementet 20. oktober 200921. desember 2009. Aasrud vart vald inn på Stortinget som Arbeiderpartiet sin andrekandidat frå Oppland ved Stortingsvalet 2009.

Rigmor Aasrud er utdanna bedriftsøkonom frå Handelshøyskolen BI, og har studert informasjonsfag ved Høgskolen i Lillehammer. Ho var økonomi- og administrasjonsleiar ved Hertz bilutleie 1978-85, og avdelingsleiar i Aas Data i åra frå 1985 til 1992. Aasrud var sekretær i Arbeiderpartiets kvinnerørsle i perioden 1992-1996 og ordførar i Gran kommune i åra 1995-2005. Ho blei vald inn i kommunestyret i Gran allereie i 1983. Frå 1999 til 2005 var Aasrud styreleiar i Hadeland Energi.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]