Rikard Olsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rikard Olsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. november 1864
Død

10. mars 1933 (68 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Rikard Olsen på Commons

Rikard Olsen (15. november 186410. mars 1933) var ein norsk målarmeister og stortingsmann frå Holmestrand, som representerte Venstre.

Olsen var son til ein målarmeister, og vart sjølv utlært målarmeister på faren sin verkstad. Han gjekk tre vintrar på skular i Kristiania, eine året var han ved den kongelege kunst- og handverksskulen der han lærte teikning og dekorasjon. Frå 1886 var han målarmeister i heimbyen Holmestrand. Attåt var han teiknelærar ved ein kveldsskule i Horten frå 1901 og ved døveskulen i Holmestrand frå 1903.

Olsen var medlem av Holmestrand bystyre 1898-1904 og frå 1907 til -28. Han var byen sin representant på Stortinget i tida frå 1906 til -09, medan han frå 1910 til -18 representerte ein større valkrins. Dei tre fyrste stortingsperiodane var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen, 1910-12 som sekretær og 1913-15 som nestformann. I 1913 var han dessutan medlem av den utvida næringskomiten nr 2. Same året deltok han på den interparlamentariske konferansen i Haag. Valbolken 1916-18 var han medlem av justiskomite nr 2.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]