Rikka Deinboll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rikka Bjølgerud Deinboll)
Rikka Deinboll

Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. mars 1897
Hamar kommune
Død

18. februar 1973 (75 år)
Oslo

Yrke omsetjar, bibliotekar

Fredrikke Johanne «Rikka» Bjølgerud Deinboll (fødd 15. mars 1897 på Hamar, død 18. februar 1973 i Oslo) var ein norsk bibliotekar, omsetjar og barnebokforfattar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Rikka Deinboll vart tilsett som assistent ved Deichmanske bibliotek i Oslo frå 1918. I 1920-åra vart ho avdelingsleiar for barne- og skuleavdelinga, og i 1923 vart ho innvald i Kyrkjedepartementet sitt rådgjevande utval for skuleboksamlingar. Ho var både tilsett ved Deichmanske og medlem i dette utvalet heilt fram til 1965.

Frå 1923 til 1932 var ho aktiv som omsetjar av barne- og ungdomslitteratur frå svensk og engelsk. Den mest kjende omsetjinga hennar er A.A. Milne si Winnie the Pooh, som ho gav det norske namnet Ole Brumm. Ho gav også ut to samlingar med rim og regler for born. Ho var styremedlem i Norsk bibliotekforening frå 1943 - 47, og i dei to siste åra sat ho som formann. I femtiåra sat ho i det rådgjevande utvalet for teikneseriar i Noreg. Ho var svært involvert i språkdebatten rundt Eggemysteriet i Donald Duck, der folk reagerte på at det var brukt nynorsk på ein nedsetjande måte i forteljinga. Andre reagerte på at det i det heile var brukt nynorsk i bokmålsbladet Donald Duck.

Rikka Deinboll pensjonerte seg i 1965. Same året vart ho tildelt Kongens fortenestmedalje i gull. Ho vart stemor til teikneserieskaparen Tore Deinboll.

Verkliste (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Håndbok i norsk barnebibliotekarbeide, 1927
  • Bøker for barn og ungdom, 1929–54
  • Barnerim og barneregler, 1936
  • Boken i undervisningen, 1936–54
  • Folkeskolebarnas leseinteresse, 1942
  • Hvem banker? Rim og remser fra her og der, 1951

Kjelder[endre | endre wikiteksten]