Riksförbundet för sexuell upplysning
Riksförbundet för sexuell upplysning (RFSU), er ein svensk ideell organisasjon som arbeider med seksuell og reproduktiv helse og rettar, samt informasjon og opplysing kring seksualitet og samliv. Ei av dei viktigaste kampsakene har vore og er retten til fri abort.
Arbeidet til RFSU kvilar på tre rettar: retten til å vera, retten til å nyta og retten til å velja.
RFSU arbeider med opplysning, utdanning og opinionsdanning gjennom å arrangera kurs, konferansar, og delta i debattar. Dessutan driv RFSU eit omfemnande internasjonalt arbeid saman med liknande organisasjonar i andre land.
RFSU sin klinikk i Stockholm arbeidar med prevensjonsrettleiing, seksualrådgiving, samt seksuelt overførbare sjukdommar. Klinikken arbeider også med forsking og utdanning.
Lokalforeiningane arbeider med informasjon og utdanning. Lokalforeiningane kursar frivllige som driv med opplysning i skular.
RFSU blei grunnlagt 1933 av blant anna Elise Ottesen-Jensen, Gunnar Inghe og Hanna Lundin. Elise Ottesen-Jensen var leiar frå starten til 1959, og ho er den som sterkast blir forbunde med organisasjonen. Tidsskriftet til RFSU, Ottar, er oppkalla etter henne.
RFSU er partipolitisk og religiøst uavhengig, men har røtene sine i radikal sosialisme.
Lena Lennerhed er forbundsordførar siden 2005.
[endre] RFSU Norge AS
RFSU Norge AS vart skipa 1. juni 1973.
Daglig leiar er Katarina Ulrike Knutz Maxen.