Rikskanslar i Storbritannia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rikskanslar i Storbritannia (engelsk Lord High Chancellor, tidlegare Lord Chancellor eller berre Chancellor), før 1707 rikskanslar i England, er eitt av dei høgaste embeta i regjeringa i Storbritannia. Rikskanslaren er ein høgare statsoffiser, og vert utnemnd av monarken etter råd frå statsministaren. Det skal normalt utnemnast ein adeleg person, men det er ikkje noko lovmessig hinder for at andre vert utnemnde. Jack Straw, som ikkje har nokon adelstittel, har vore rikskanslar sidan 2007.

Mellom pliktene til rikskanslaren i Storbritannia finn ein mellom anna presidentskapet i Overhuset, deltaking i regjeringskollegiet, leiing av det juridiske apparatet og oppbevaring av det britiske riksseglet. Ansvarsområdet er blitt innskrenka på 2000-talet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Embetet har opphavet sitt i det karolingiske monarkiet, der ein kanslar fungerte som vaktar av kongen sitt segl. I England blei dette innført seinast ved normannarane si erobring i 1066, og kanskje tidlegare. Nokre kjelder hevdar at den første rikskanslaren i England var Angmendus, utnemnd i 605, det vil sjå lenge før England oppstod som ei samla statsdanning, noko som gjer det til ei tvilsam opplysing. Andre kjelder hevdar at den første som utnemnde ein rikskanslar var Edvard Bekjenneren, som døydde i 1066; dette plasserer opprettinga i åra rett før normannarane sin invasjon. Det blei vanleg gjennom mellomalderen at embetet blei gjeve til ein biskop. Fleire av erkebiskopane av Canterbury var òg rikskanslarar.

I staden for ein rikskanslar kan det utnemnast ein «seglvaktar», Lord Keeper of the Great Seal. Ein som held dette embetet har same ansvar og mynde som rikskanslaren har; den einaste skilnaden ligg i korleis ein vert utnemnd. I tillegg er det mogeleg å la ein komité i fellesskap utføre rikskanslaren sine oppgåver. Sidan 1800-talet har ein ikkje brukt desse alternativa.

Tony Blair føreslo i 2003 å avskaffe embetet, fordi det inneber svært stor makt på sida av det folkevalde styret. Eit forslag om dette blei lagt fram av Blair-regjeringa i Underhuset i 2004, vart seinare endra til ei innskrenking av embetsansvaret.

Embetshaldarar[endre | endre wikiteksten]

Lista er delt i to: Rikskanslarar i England fram til 1707, då England og Skottland gjekk i union, og i Storbritannia etter dette. Skottland hadde fram til 1708 eigen rikskanslar.

Rikskanslarar og seglvaktarar i England, 1068–1707[endre | endre wikiteksten]

År Namn Andre embete / merknader
10681070 Herfast
10701078 Osmund Biskop av Salisbury, helgen
10781085 Maurice av Le Mans Erkediakon i Le Mans
10851092 Gerard av Rouen Preceptor i Rouen
10921093 Robert Blouet
10931101 William Giffard
11011102 Roger
11021107 Waldric
11071123 Ranulf Flambard
11231133 Geoffrey Rufus
11331135 Robert de Sigilio
11351139 Roger le Poer
11391140 Philip de Harcourt Dekan i Lincoln
11401141 Robert av Ghent Dekan i York
11411142 William FitzGerald
1142 William de Vere
11421154 Robert av Ghent Dekan i York, rikskanslar for andre gong.
11551162 Thomas Becket Erkediakon (seinare erkebiskop) i Canterbury.
11621173 Geoffrey Ridel Erkediakon i Canterbury
11731181 Ralph de Warneville Skattemeister i York
11811189 Geoffrey av York Frå Huset Plantagenet.
11891197 William Longchamp Biskop av Ely.
11971198 Eustace av Salisbury Dekan i Salisbury
11981199 Eustace av Ely Biskop av Ely.
11991205 Hubert Walter Erkebiskop av Canterbury
12051214 Walter de Gray
12141226 Richard Marsh
12261240 Ralph Neville
12401242 Richard le Gras Abbed i Evesham.
12421244 Ralph Neville Rikskanslar for andre gong.
12441246 Silvester de Everdon Erkediakon i Chester.
12451247 John Mansell Profoss i Beverley.
12471248 John Lexington
12481249 John Mansel
12491250 John Lexington Rikskanslar for andre gong.
12501255 William av Kilkenny
12551260 Henry Wingham
12601261 Nicholas av Ely Erkediakon i Ely
12611263 Walter de Merton Erkediakon i Bath
1263 Nicholas av Ely Rikskanslar for andre gong.
12631264 John Chishull Erkediakon i London.
12641265 Thomas Cantilupe Erkediakon i Stafford.
1265 Ralph Sandwich
12651266 Walter Giffard Biskop av Bath and Wells.
12661268 Godfrey Giffard Erkediakon i Wells.
12681269 John Chishull Dekan i St Pauls katedral i London. Rikskanslar for andre gong.
12691272 Richard Middleton Erkediakon i Northumberland.
12721274 Walter de Merton Erkediakon i Bath.
12741292 Robert Burnell Biskop av Bath.
12921302 John Langton Kannik i Lincoln.
13021305 William Greenfield Dekan i Chichester.
13051307 Willam Hamilton Dekan i York.
1307 Ralph Baldock Biskop av London.
13071310 John Langton Biskop av Chichester.
13101314 Walter Reynolds Biskop av Worcester
13141318 John Sandall Kannik i Lincoln
13181320 John Hotham Biskop av Ely.
13201323 John Salmon Biskop av Norwich
13231327 Robert Baldock Erkediakon i Middlesex.
13271328 William Airmyn Biskop av Norwich
13281330 Henry Burgersh Biskop av Lincoln
13301334 John de Stratford Biskop av Winchester
13341335 Richard Bury Biskop av Durham
13351337 John de Stratford Erkebiskop av Canterbury, rikskanslar for andre gong.
13371338 Robert de Stratford Biskop av Chichester.
13381339 Richard Bintworth Biskop av London.
1340 John de Stratford Erkebiskop av Canterbury, rikskanslar for tredje gong.
13401341 Robert Bourchier
13411343 Robert Parving
13431345 Robert Sadington
13451349 John Offord Dekan i Lincoln.
13491356 John Thoresby Biskop av Worcester.
13561363 William Edington Biskop av Winchester.
13631367 Simon Langham Biskop av Ely.
13671371 William av Wykeham Biskop av Winchester
13711372 Robert Thorp
13721377 John Knyvet
13771378 Adam Houghton Biskop av St. Davids.
13781380 Richard Scrope Baron av Bolton.
13801381 Simon Sudbury Erkebiskop av Canterbury.
1381 Hugh Segrave
1381 William Courtenay Biskop av London.
13811382 Richard Scrope Baron av Bolton, rikskanslar for andre gong.
13821383 Robert Braybrook Biskop av London
13831386 Michael de la Pole Jarl av Suffolk.
13861389 Thomas Arundel Biskop av Ely
13891391 William av Wykeham Biskop av Winchester, rikskanslar for andre gong.
13911396 Thomas Arundel Erkebiskop av York
13961399 Edmund Stafford Biskop av Exeter.
1399 Thomas Arundel Erkebiskop av Canterbury, rikskanslar for andre gong.
13991401 John Scarle Erkediakon i Lincoln
14011403 Edmund Stafford Biskop av Exeter
14031405 Henry Beaufort Biskop av Lincoln, fra 1404 biskop av Winchester.
14051407 Thomas Langley Dekan i York.
14071410 Thomas Arundel Erkebiskop av Canterbury, rikskanslar for tredje gong.
14101412 Thomas Beaufort
14121413 Thomas Arundel Erkebiskop av Canterbury, rikskanslar for fjerde gong.
14131417 Henry Beaufort Biskop av Winchester, rikskanslar for andre gong.
14171424 Thomas Langley Biskop av Durham, rikskanslar for andre gong.
14241426 Henry Beaufort Biskop av Winchester.
14261432 John Kemp Erkebiskop av York.
14321450 John Stafford Biskop av Bath
14501454 John Kemp Erkebiskop av York.
14541455 Richard Neville Jarl av Salisbury.
14551456 Thomas Bourchier Erkebiskop av Canterbury.
14561460 William Waynflete Biskop av Winchester.
14601467 George Neville Biskop av Exeter.
14671470 Robert Stillington Biskop av Bath.
14701471 George Neville Erkebiskop av York.
14711473 Robert Stillington Biskop av Bath, rikskanslar for andre gong.
14731475 Laurence Booth Biskop av Durham.
1475 John Alcock Biskop av Rochester.
14751483 Thomas Rotherham Biskop av Lincoln.
14831485 John Russell Biskop av Lincoln.
1485 Thomas Rotherham Erkebiskop av York, rikskanslar for andre gong.
14851487 John Alcock Biskop av Worcester
14871500 John Morton Erkebiskop av Canterbury.
15001502 Henry Deane Erkebiskop av Canterbury.
15021515 William Warham Erkebiskop av Canterbury.
15151529 Thomas Wolsey Erkebiskop av York og kardinal.
15291532 Thomas More
15321544 Thomas Audley Baron av Walden.
15441547 Thomas Wriothesley Jarl av Southampton.
1547 William Paulet Marki av Winchester
15471551 Richard Rich Baron Rich.
15521553 Thomas Goodrich Biskop av Ely
15531555 Stephen Gardiner Biskop av Winchester
15551558 Nicholas Heath Erkebiskop av York
15581579 Nicholas Bacon seglvaktar
15791587 Thomas Bromley
15871591 Christopher Hatton
15911592 Komité
15921596 John Puckering
15961617 Thomas Egerton
16171621 Francis Bacon Baron Verulam.
1621 Komité
16211625 Biskop John Williams Biskop av Lincoln.
16251640 Thomas Coventry Baron Coventry.
16401641 John Finch Baron Finch.
16411642 Edward Littleton Baron Lyttleton av Mounslow.
16451653 Richard Lane
16531658 Edward Herbert
16581667 Edward Hyde Jarl av Clarendon.
16671672 Orlando Bridgeman seglvaktar
16721673 Anthony Ashley-Cooper Jarl av Shaftesbury.
16731682 Heneage Finch Jarl av Nottingham, seglvaktar til 1675.
16821685 Francis North Baron Guilford.
16851688 George Jeffreys Baron Jeffreys.
16891693 Komité
16931700 John Somers Baron Somers, seglvaktar til 1697.
17001705 Nathan Wright seglvaktar.
17051707 William Cowper Baron Cowper, seglvaktar.

Rikskanslarar og seglvaktarar i Storbritannia frå 1707[endre | endre wikiteksten]

År Namn Andre embete / merknader
17071708 William Cowper Fortsette etter opprettinga av Storbritannia.
17081710 Komité
17101714 Simon Harcourt seglvaktar til 1713
17141718 William Cowper Rikskanslar for andre (tredje) gong.
17181725 Thomas Parker
1725 Komité
17251733 Peter King
17331737 Charles Talbot
17371756 Philip Yorke
17561757 Komité
17571766 Robert Henley seglvaktar til 1761.
17661770 Charles Pratt
1770 Charles Yorke
17701771 Komité
17711778 Henry Bathurst
17781783 Edward Thurlow
1783 Komité
17831792 Edward Thurlow Rikskanslar for andre gong.
17921793 Komité
17931801 Alexander Wedderburn
18011806 John Scott
18061807 Thomas Erskine
18071827 John Scott Rikskanslar for andre gong.
18271830 John Singleton Copley
18301834 Henry Peter Brougham
18341835 John Singleton Copley Rikskanslar for andre gong.
18351836 Komité
18361841 Charles Pepys
18411846 John Singleton Copley Rikskanslar for tredje gong.
18461850 Charles Pepys Rikskanslar for andre gong.
18501852 Thomas Wilde
1852 Edward Burtenshaw Sugden
18521858 Robert Monsey Wolfe
18581859 Frederic Thesiger
18591861 John Campbell, 1. baron Campbell av St. Andrews
18611865 Richard Bethell
18651866 Robert Monsey Wolfe Rikskanslar for andre gong.
18661868 Frederic Thesiger
1868 Hugh McCalmont Cairns
18681872 William Page Wood
18721874 Roundell Palmer
18741880 Hugh McCalmont Cairns
18801885 Roundell Palmer
18851886 Hardinge Giffard
1886 Farrer Herschell
18861892 Hardinge Giffard Rikskanslar for andre gong.
18921895 Farrer Herschell Rikskanslar for andre gong.
18951905 Hardinge Giffard Rikskanslar for tredje gong.
19051912 Robert Threshie Reid
19121915 Robert Burdon Haldane
19151916 Stanley Buckmaster
19161919 Robert Bannatyne Finlay
19191922 Frederick Edwin Smith
19221924 George Cave
1924 Robert Burdon Haldane
19241928 George Cave
19281929 Douglas Hogg
19291935 John Sankey
19351938 Douglas Hogg
19381939 Frederick Maugham
19391940 Thomas Inskip
19401945 John Allsebroook Simon
19451951 William Allen Jowitt, 1. vicomte Jowitt
19511954 Gavin Turnbull Simonds
19541962 David Patrick Maxwell Fyfe
19621964 Reginald Edward Manningham-Buller
19641970 Gerald Gardiner
19701974 Quintin Hogg
19741979 Elwyn Jones
19791987 Quintin Hogg
1987 Michael Havers
19871997 James Mackay
19972003 Derry Irvine
20032007 Charlie Falconer
2007 Jack Straw

Kjelder[endre | endre wikiteksten]