Rikskonsertane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rikskonsertene vart etablert i 1967 på initiativ av Norsk Kulturråd, med hovudformål som følgjer: « Rikskonsertene skal gjere levande musikk av høg kunstnarisk kvalitet tilgjengeleg for alle menneske i landet.». Rikskonsertene hadde sin opningskonsert i Hammerfest skole sin aula, den 4. januar 1968, med artistane Liv Glaser, Eva Knardal, Kjell Bækkelund, Robert Levin og Arve Tellefsen i tillegg til Aase Nordmo Løvberg.

Organisasjonen er i dag underlagt Kirke- og kulturdepartementet, og har framleis som hovudansvaret å gjere variert musikk og kultur, likevel i meir varierte former enn opphavleg, tilgjengeleg for heile landet. Rikskonsertene engasjerer årleg 800 artistar gjennom over 9000 konsertar i alle landets 433 kommunar (2005), både for skolar og barnehagar.

Dei seinare åra har dei i aukande grad opna opp for andre arenaer, og står for opne konsertar for publikum elles, for eksempel Oslo World Music Festival. Dei seinare åra har dei arbeidd for å fremme nye unge utøvarar både innan jazz, folkemusikk og klassisk.

Direktørstillinga er på seksårige åremål, og var i to åremålsperiodar innehatt av Einar Solbu, etterfylgd i 2006 av Åse Kleveland. Administrasjonen er på om lag 60 tilsette. Leif Holst Jensen leiar styret, Thorstein Granly er konsertansvarleg godt hjelpt av Ulrika Bergroth-Plur som har særskilt ansvar for barnekonsertar. Lars Lønne er kommunikasjonssjef.

Rikskonsertene er òg ansvarleg for å ha etablert skolekonsertprosjektet på 1990-talet; Klangrikt Fellesskap

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]