Rikslønsnemnda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rikslønsnemnda er ei permanent lønsnemnd som handsamar interessetvistar som partane i arbeidslivet friviljug tek inn til avgjerd, og tvistar som Stortinget vedtek skal løysast ved tvungen lønsnemnd. Rikslønsnemnda blir oppnemnd av regjeringa for tre år i gongen og er sett saman av nøytrale medlemmar og representantar frå partane i arbeidslivet.

Nemnda er sett saman av følgjande medlemmar:

  • Peika ut av Kongen
    • 1 formann
    • 2 nøytrale medlemmar
    • 1 representant for arbeidstakarinteresser etter arbeidstvistlova (Utan stemmerett) eller
      • 1 representant for arbeidstakarinteresser etter tenestetvistlova (Utan stemmerett)
    • 1 representant for arbeidsgjevarinteresser etter arbeidstvistlova (Utan stemmerett) eller
      • 1 representant for statens interesser etter tenestetvistlova (Utan stemmerett)
  • Peika ut av partane i konflikten
    • 2 representantar for arbeidstakarsida i konfliktar etter arbeidstvistlova (1 med stemmerett) eller
      • 1 representant for arbeidstakarsida i konfliktar etter tenestetvistlova
    • 2 representantar for arbeidsgjevarsida i konfliktar etter arbeidstvistlova (1 med stemmerett) eller
      • 1 representant for arbeidsgjevarsida i konfliktar etter tenestetvistlova

Følgjeleg møter 7 representantar ved konfliktar etter tenestetvistlova og 9 representantar ved konfliktar etter arbeidstvistlova, men i alle tilfelle har berre 5 av dei møtande stemmerett.

Nemnda er heimla i Lønsnemndlova av 1952.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]