Riksmeklingsmannen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Riksmeklingsmannen er eit norsk statleg embete som har til oppgåve å mekle i interessetvistar mellom partane i arbeidslivet, det vil seie tvistar om oppretting eller revisjon av tariffavtalar. Den statlege meklingsordninga blei innført i Noreg frå 1.1.1916, då den første arbeidstvistlova av 1915 vart sett i verk. Embetet er i dag heimla i lov av 5. mai 1927 nr. 1 om arbeidstvister og ligg administrativt under Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Embetet skiftar namn til Riksmeklaren når den nye arbeidstvistlova trer i kraft.

Embetet blir leia av riksmeklingsmannen, som blir oppnemnt av Regjeringa for tre år i gongen. Vidare har embetet åtte faste kretsmeklingsmenn som hovudsakleg meklar i lokale tvistar.

Meklingsmennene skal varslast om einhver plassoppseiing. I tvistar skal dei prøve å kome fram til forslag som begge parter kan bli einige om.

Riksmeklingsmenn[endre | endre wikiteksten]

  1. 1. januar 19161. mars 1920: J.M. Lund
  2. 1. mars 19201. januar 1921: Vilhelm Lie
  3. 15. februar 19218. desember 1922: P.I. Paulsen
  4. 8. desember 192231. desember 1930: Valentin Voss
  5. 1. januar 193131. desember 1945: Andreas Claussen
  6. 1. januar 194618. januar 1948: Paal Berg
  7. 1. april 19481. april 1954: Henrik Lundh
  8. 1. april 195431. desember 1964: Thoralf Evje
  9. 1. januar 196531. desember 1974: Preben Munthe
  10. 1. januar 197530. november 1981: Konrad B. Knutsen
  11. 15. januar 198215. januar 1988: Bjørn Haug
  12. 15. januar 198831. desember 2004: Reidar Webster
  13. 1. januar 200516. april 2009: Svein Longva
  14. 1. september 200931. august 2012: Kari Gjesteby

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]