Riksrevisjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Riksrevisjonen er Stortinget sitt revisjons- og kontrollorgan. Riksrevisjonen har som si overordna oppgåve å føre kontroll med at staten sine midlar blir brukt og forvalta på ein økonomisk forsvarleg måte og i samsvar med Stortinget sine vedtak og føresetnader. Riksrevisjonen gjer dette gjennom revisjon av statsrekneskapen, som viser korleis forvaltinga har brukt staten sine pengar. Riksrevisjonen gjennomfører også kontroll av statsråden si eigarstyring i dei statleg eigde selskapa (selskapskontroll), og ved forvaltingsrevisjon, der måloppnåing i forvaltinga sin tenesteproduksjon er i fokus.

Riksrevisjonen er uavhengig av regjeringa og forvaltinga.

Riksrevisjonen blei samla under ein organisatorisk eining under Stortinget si leiing i 1918. Frå 1822 til 1918 hadde eit eige Revisjonsdepartement ansvaret for den konsitusjonelle kontrollen.

Riksrevisjonen er forankra i Grunnloven § 75 k.[1], der det står at Stortinget utnemner fem revisorar, Riksrevisorkollegiet, som kvart år skal gå gjennom staten sine rekneskap. Her er vidare ei lov om statens revisionsvæsen, og ein instruks for «Statsrevisionen» frå 1918, med seinare tileggsinstruksar.

Riksrevisoren er leiaren for Riksrevisorkollegiet, som er Riksrevisjonen sitt øvste organ. Medlemmane i kollegiet blir samla til jamlege møte, og dei siste åra har det vore ca. 10 møte i året. Avgjerdene blir i all hovudsak fatta gjennom konsensus. Riksrevisjonen er partipolitisk samansett og opptrer som ein politisk kvalitetssikrar i forvaltingsrevisjonssaker. Norma om konsensus bidrar til partipolitisk nøytralitet.

Riksrevisjonen har ca. 500 tilsette. Dei tilsette er for ein stor del samfunnsvitarar, økonomar og juristar.

Noverande riksrevisor er tidlegare Høyre-politikar Per-Kristian Foss.

Tidlegare riksrevisorar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]