Riksvåpen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det norske riksvåpenet utanfor den norske ambassaden i Bulgaria.

Riksvåpen eller statsvåpen er heraldiske våpen for land, i første rekkje sjølvstendige statar eller statsforbund, i vidare tyding også visse undernasjonale område. Som nasjonalflagg har dei ei viktig offisiell stilling som biletlege symbol for landet. Som riks- eller statssymbol har slike våpen rettsleg verna status i ei rekkje land, mellom anna Noreg.

Riksvåpen i dag kan vera heraldiske våpen eller andre slags emblem. Dei blir nytta av styresmakter på mellom anna pengar, pass og andre trykksaker, plakettar og skilt ved offentlege bygg, konsulat og ambassadar. Nokre land har riksvåpenet på flagget sitt, medan andre framstiller flagget i riksvåpenet.

Typar riksvåpen[endre | endre wikiteksten]

Heraldiske våpen[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste noverande riksvåpen byggjer i større eller mindre grad på europeisk heraldikk. Mange gamle riksvåpen (mellom anna det norske og danske) er opphavleg slektsvåpenet til ein konge som fortsette som våpen for området også om nye slekter overtok makta. Dei eldste europeiske våpenmerka, frå 1100-1200-talet, var ikkje-oppdelte skjold med farge og ein eller fleire stiliserte figurar. Frå seinmellomalderen blei det vanleg med skjold oppdelte i fleire felt (unionsvåpen) som stod for fleire landområde underlagt same fyrsten. På dei oppdelte skjolda kunne det setjast mindre hjarteskjold med slektsvåpenet til fyrsten. Rundt skjoldet blei det etter kvart plassert tilleggsfigurar som skjoldhaldarar, hjelmteikn, banner, kongekrone, våpenkappe og anna. På skjoldet kan ein også plassera nasjonale ordenar og ulike symbol, til dømes for fred eller siger eller andet sjølv. Riksvåpen kan også ha tekst, til dømes nasjonale motto eller namnet på landet.

Nyare riksvåpen er ofte utforma etter mønster frå dei eldre utan å ha den same historiske framvoksteren. Tidlegare koloniar har til dømes funne inspirasjon frå europeiske riksvåpen, men laga våpen tilpassa sin kultur og natur.

Austasiatiske emblem[endre | endre wikiteksten]

Japanske mon-symbol har ein noko lik historie som heraldiske våpen frå Europa, og har danna utgangspunkt for fleire austasiatiske riksvåpen. Mon var som regel einsfarga og framstilte ein plante eller eit dyr i stilisert form omgjeven av ein sirkel. Riksvåpna til andre asiatiske land er utvikla etter same mønster.

Statssegl[endre | endre wikiteksten]

Statssegl har opphav i segl brukte til å stadfesta offisielle dokument. Desse er ofte runde og opphavleg einsfarga ettersom dei blei brukte som stempel. Riksvåpen utvikla frå segl kan ofte vera fargelagde versjonar av desse einsfarga segla.

Riksvåpen av sosialistisk type[endre | endre wikiteksten]

Mange riksvåpen er utvikla etter mønster av det sovjetiske riksvåpenet på andre halvdelen av 1900-talet. Dei fleste framstiller eit sirkelforma bilete med landskapsformer, fjell, dalar, vassflate og nesten alltid ei sol som går opp og ei femtakka stjerne. Ofte er det symbol for framsteg, arbeid eller kamp, slik som tannhjul, ulike verktøy eller våpen, omgjevne av ein plantekrans innhylla i eit band, der ein ofte finn det nasjonale mottoet. Etter at Sovjetunionen braut saman blei mange av desse våpna bytta ut med andre våpen.

Statsemblem[endre | endre wikiteksten]

Andre statssymbol som ikkje byggjer på skjold eller segl kan vera utvikla frå merke eller særskilde statlege symbol, eller dei kan ha funne inspirasjon frå fleire tradisjonar.

Nordiske riksvåpen[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste riksvåpna i Norden er svært gamle kongevåpen. Det danske riksvåpenet stammar frå 1100-talet, og er blant dei eldste kontinuerleg brukte i verda. Det norske er frå 1200-talet. Det svenske riksvåpenet med tre kroner er frå 1364. Dei skandinaviske riksvåpna finst i stor kongeleg og mindre, «vanleg» utgåve. Det finske riksvåpenet stammar frå 1500-talet, men skil seg frå dei skandinaviske ved ikkje å ha kongekrone ettersom Finland er republikk. Det islandske riksvåpenet blei nyutforma på 1900-talet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur

Norge

Andre land

  • Carl-Alexander von Volborth: Alverdens heraldik i farver, Politikens Forlag, København 1972 (omsett av Sven Tito Achen)
  • Carl-Alexander von Volborth: Heraldry of the World, London 1975
  • Ottfried Neubecker: Heraldik. Kilder, brug, betydning, København 1979 (omsett og bearbeidd for Skandinavia av Nils G. Bartholdy)
  • Carl-Alexander von Volborth: Heraldry - Customs, Rules and Styles, Dorset 1981
  • E. Svane: Det danske Rigsvåben og Kongevåben, Odense 1994
  • Flagg og riksvåpen, (Teknologisk Forlag), Oslo 1998

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«riksvåpen» i Store norske leksikon, snl.no.