Riksveg 4

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Riksveg 4
Stamveg 4 logo
Strekning
Biri i GjøvikSinsen i Oslo
Riksveg 4
Riksveier Akershus Oslo Oppland.svg
Informasjon
Lengd ca. 14
Status riksveg
Tilstøytande vegar
Stamvei E6.svg  Stamvei 35.svg  Stamvei 150.svg 
Restriksjonar
Bomstasjonar 2
Miljøfartsgrense
60 km/t
SinsenGrorud
(1. november – 19. april)

Riksveg 4 (Rv4) er ein riksveg som er ein av hovudvegane nordover frå Oslo. Vegen går gjennom Nittedal, Hadeland og Toten til Mjøsa. Vegen er skilta som stamveg frå Sinsenkrysset til Mjøsbrua.

Med utgangspunkt i Europaveg 18 ved Bispelokket i Oslo sentrum går vegen nordaustover via Nylandsveien og Sars gate til Carl Berners plass. Derfrå føl Riksveg 4 på Trondheimsveien og fortset via Sinsenkrysset og gjennom Groruddalen til Gjelleråsen der han møter Riksveg 22. Derfrå går vegen nordover gjennom Nittedal og Hakadal, forbi Harestua langs vestsida av Harestuvatnet og vidare gjennom Grua, Roa, Gran og Jaren. Frå Jaren går vegen nordaust til Lygna der han møter Riksveg 180. Derfrå går vegen nordover til Einavoll, langs austsida av Einavatnet til Eina, gjennom Reinsvoll til Raufoss og vidare til Gjøvik. Frå Gjøvik går vegen langs vestsida av Mjøsa til Mjøsbrua ved Moelv der han går inn på Europaveg 6.

Kommunar og knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 4 startar i Bjørvika som Nylandsveien ved Bispelokket. Her møter vegen E18. Dette vil endrast frå 2010
Linderud mot Veitvet
Like ved rundkøyringa på Rv4 på Gjelleråsen, starten på Riksveg 22
Hagantunnelen

Oslo[endre | endre wikiteksten]

Nylandsveien

Vahls gate mot nord / Lakkegata mot sør
Jens Bjelkes gate

Sars gate

Finnmarkgata

Trondheimsveien

Prosjekt Fossumdiagonalen. Byggestart 2010, ferdigstilling 2013. [1]
  • tunnel Ny tunnel, utan namn så lenge. Omtalast berre som «Kort tunnel»
  • Trafikken vert leida inn på Østre Aker vei, som Riksveg 4 skal dele med Riksvei 163

Akershus fylke[endre | endre wikiteksten]

Nittedal

Hadelandsveien

Nittedalsveien

Hadelandsveien

Oppland fylke[endre | endre wikiteksten]

Lunner
motortrafikkveg Motortrafikkveg Stryken–Sand
Gran
Vestre Toten
Gjøvik
I Engelandsvika ved Gjøvik ligg RV. 4 heilt nede i strandsona, der han gjev ein barriereeffekt mellom byen og Mjøsa

Framtid[endre | endre wikiteksten]

I Oslo[endre | endre wikiteksten]

Den største endringa som vert er at Trondheimsveien (på Oslo-sida) i framtida i all hovudsak ikkje lenger vil vere ein del av Riksveg 4. Riksveg 4 vil framleis gå frå Bjørvika til Gjelleråsen på Oslo-sida, men i andre trasear enn i dag. Dette vil primært skje med å føre trafikken inn på Riksveg 163 og lage ein ny tunnel frå Økern til Bjørvika.

Utanfor ring 3 [2]: Fossumdiagonalen ved Grorud skal føre trafikk frå Trondheimsveien til Riksveg 163:Østre Aker vei. Byggestart 2010, ferdigstilling 2013.

Østre Aker vei vert både Riksveg 163 og Riksveg 4, og skal oppgraderast for å ta imot større trafikkmengder.

Innanfor ring 3: Sidan Riksveg 163/Østre Aker vei ender ved Økern-krysset vil det kunne verte mindre trafikk på denne strekka av Rv4. Langt fram i Oslopakke 3 er det også vedteke ein ny tunnel frå Bjørvika-området (Nord for Oslo S) til Økern.

Samtidig sør for Oslo S i Bjørvika vil Europaveg 18 verte lagd om frå 2010, og Rv4 vil difor ikkje kunne kople seg til denne lenger. Dette vil også kunne redusere trafikkmengenda på Rv4 i Oslo Sentrum.

Utanfor Oslo[endre | endre wikiteksten]

Det er planar om å byggje firefelts motorveg mellom Roa og Jaren[3].

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen er ei omsetjing av «Riksvei 4» henta frå Wikipedia på bokmål 24. september 2008. Der vart desse kjeldene gjevne:

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Omtale av Fossumdiagonalen på nettsidene til Vegvesenet
  2. Statens Vegvesen - Rv. 4 Trondheimsveien - Groruddalen
  3. [1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]