Rilasjøane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dei sju Rilasjøane (Седем(те) Рилски езера) er ei gruppe fjellvatn i dei nordvestlege Rilafjella i Bulgaria. Dei er dei mest vitja innsjøane i landet. Innsjøane ligg i ei høgd mellom 2 100 og 2 500 meter over havet.

Kvart vatn har fått namn etter deira mest karakteristiske eigenskap eller form. Den høgaste vert kalla Salzata (Tåra). Den neste heiter Okoto (Auge) på grunn av den nesten perfekte ovale forma. Okoto er den djupaste av denne type vatn i Bulgaria med eit djup på 37,5 m. Babreka (Nyra) er vatnet med brattaste skråningar ned til strandlinja. Bliznaka (Tvillingen) er vatnet med størst flatevidd. Trilistnika (Trekløver) har ei ujamn form og låge breidder. Det grunnaste vatnet er Ribnoto Ezero (Fiskevatnet), og det lågastliggande vatnet er Dolnoto Ezero (Det lågare vatnet), der vatnet frå dei andre vatna i gruppa sig ut i elva Dzjerman.

Galleri[endre | endre wikiteksten]