Ringebu stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°30′31″N 10°10′23″E

Ringebu stavkyrkje
Ringebu Stavkirke.jpg
Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Hamar
Prosti:  Sør-Gudbrandsdal
Fellesråd:  Ringebu
Sokn:  Ringebu
Innvigd:  Kring 1220
Endringar:  Påbygg 1630, forlenga tårn, krossarmar og kor, nytt sakristi utført av Werner Olsen
Arkitektur
Type:  Krosskyrkje
Teknikk:  Stavverk og bindingsverk
Materiale:  Tre
Tårn:  Over krysset
Portal:  Vestportal variant av Sogn/Valdres-portalane med dyremotiv
Kor:  Rett avslutta kor
Kyrkjerommet
Preikestol:  Av tre 1702, Lars Jensen Borg
Døypefont:  Kleberstein 1100-talet
Altartavle:  Altertavle 1686 av Johannes Lauritsen Skraastad
Diverse:  To krusifiks frå 1300-talet, trestatue av Sankt Laurentius, ca. 1250
Commons-logo.svg
Ringebu stavkyrkje på Commons

Ringebu stavkyrkje er ei stavkyrkjeRingebu i Oppland som vart bygd kring 1220.

Etter den lutherske reformasjonen vart kyrkja ombygd kring 1630 av byggmeister Werner Olsen. Det spesielle raude tårnet vart ferdig i 1631. Under ombygginga vart dei opphavlege tverrskipa, svalgang og apsis fjerna. Taket innvendig vart og senka.

Kyrkja vart for fyrste gong måla i 1717. På eitt tidspunkt var kyrkja heilt kvitmåla. I 1921 vart kyrkja restaurert. Under dette arbeidet vart dei opphavlege fargane tekne i bruk att.

Utgravingar[endre | endre wikiteksten]

Under arkeologiske utgravingar under kyrkja i perioden 1980-1981 vart det funne nær 900 myntar og også andre funn. Dei fleste av myntane er frå mellomalderen og er datert til rundt Håkon Håkonson si tid, 1217–1263, men det er også funne nokre engelske myntar frå 1023–1029.

Under kyrkja er det funne stolpehol etter ei eldre kyrkje som har stått på staden på 1100-talet. Denne kyrkja var ei såkalla stolpekyrkje som var vanleg før stavkyrkjene.

Under utgravingane vart det funne fleire kister under golvet og i tverrskipet. Framståande personar, og særleg prestar og familiane deira, vart nokre gonger gravlagt under golvet i kyrkja. Under Ringebu stavkyrkje ligg Baronesse Sophie Amalie Rosenkrantz frå Baroniet i Rosendal. Grunnen til at ho fekk plass var at ho gav fleire gjenstandar til kyrkja. Tyskaren oberstløytnant Poul Friedrich von Dresky i det Oplandske regiment vart gravlagd under kyrkja, og fekk også ei minnetavle hengt opp. Det er to andre minnetavler i kyrkja, etter sokneprest Christopher Kraft og familien hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]