Ringtrast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Turdus torquatus.jpg

Ringtrast (Turdus torquatus) er ein fugl i trastefamilien.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Hovudforma finst i Fennoskandia, Nordvest-Russland og på Dei britiske øyene. I Sør- og Mellom-Europa lever andre underartar. I Noreg lever ringtrasta i trefattige, kuperte område. I midtre og austre område av Sør-Noreg er ho ein høgfjellsart, medan ho går til kysten i vest og nord. Den norske hekkebestanden ligg truleg mellom 10 000 og 100 000 par.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Fuglen er ca. 27 cm og veg 110 g. Hannen er svart, hoa brunleg. Ringtrast har eit kvitt, halvmåneforma parti i brystet og lyse parti på dei samanfalda vengene. Songen kan variera, men er ofte eit klagande tiuii tiuii tii.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Ringtrasta lever av meitemark, sniglar og insekt. Ho kan fly ganske langt vekk frå hekkeplassen for å finna mat. Om hausten er føda meir vegetabilsk med mykje bær.

Fuglen er territoriell og monogam. På hekkeplassen er han temmeleg sky. Han byggjer reir av grove strå og småkvist. Det er fora innvendig og vert plassert på bakken eller i ein busk. I mai til juni legg hoa 4-5 grønaktige egg. Desse vert ruga i 14 dagar. Ungane er flygedyktige etter omtrent to veker, men vert mata ei stund etter dette. Ringtrast legg av og til to kull.

Ringtrasta er ein trekkfugl. Ho dreg sør- og sørvestover i oktober-november. Trekket går gjennom Frankrike og endar i Spania og Nord-Afrika der ho held seg mellom anna i Atlasfjella. Til Noreg kjem ho tilbake i april. Nokre få overvintrar.

Referansar og kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ringtrast
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.