Rinka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rinkafossen (90 m)

Rinka er ein foss i Logardalen i Solčava kommune i Slovenia. Han er kjelda til elva Savinja. Denne kjelda er erklært eit naturarvområde. Rinkafossen er ein av dei mest kjende fossane i Slovenia og ein populær turistattraksjon. Han er den høgaste av dei tjue fossane i Logarskadalen. Fossen vert vitja året rundt og om vinteren er han ein populær stad for isklatring. Best utsyn mot fossen er frå fjelltoppen Kamniško sedlo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]