Rinnanbanden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rinnanbanden var oppnamnet på ei gruppe nordmenn i tysk teneste under den andre verdskrigen. Han heldt til i Trondheim og blei leia av Henry Rinnan. Rinnanbanden dreiv innfiltrasjon av motstandsrørsla og blir hugsa for sin grove tortur av arresterte landsmenn. I det norske landssvikoppgjeret etter krigen vart Rinnan og elleve andre frå Rinnanbanden dømde til døden. Henry Rinnan, Bjarne Jenshus, Aksel Mære, Harry Rønning, Harry Hofstad, Olaus Hamrun, Per Bergeen, Kristian Randal, Harald Grøtte og Hans Egeberg vart avretta ved skyting.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.