Rio Grande på Eldlandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rio Grande
Byen i 2006.
Byen i 2006.
Byvåpenet til Rio Grande på Eldlandet
Byvåpenet til Rio Grande på Eldlandet
Styresmakter
Land
Provins
Øy
Argentina
Tierra del Fuego
Storøya
Grunnlagt 11. juli 1921
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2010)

67,038
Koordinatar 54°47′″S 67°42′″WKoordinatar: 54°47′″S 67°42′″W
Høgd over havet 5 m
Tidssone -3 (UTC-3)
Diverse anna
Postnummer V 9420
Telefon-retningsnummer +54 2964

Rio Grande på Eldlandet er ein by heilt sør i Argentina, på Storøya i Eldlandet. Rio Grande hadde over 67,000 innbyggjarar i 2010, og er med det den største byen på Eldlandet. Byen blir rekna som den industrielle hovudstaden i provinsen Tierra del Fuego.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen tok form på slutten av 1800-talet, då sauebønder tok til å slå seg ned på denne delen av Storøya. Her ved elveosen av elva Rio Grande var det både gode beitemarker, godt drikkevatn og fri tilgang til kysten. Offisielt vart byen grunnlagt den 11. juli 1921. Styresmaktene ynskte på den tida å gjera Rio Grande til eit jordbrukssentrum.

Den fyrste tida vart landet delt mellom nokre få familiar med store eigedomar. Dette endra seg i 1925, då det kom ein ny jordbruksreform. No vart storfedrift den viktigaste økonomiske aktiviteten i området.

Folketalet har vokse raskt i byen sidan 1980-talet. Det kjem av at styresmaktene har gjeve gunstige skattetilhøve for innbyggjarane i Rio Grande for å støtta opp om meir industri. Det har dukka opp mange industrielle verksemder her, særleg produsentar av elektronisk utstyr, som bærbare PC-ar. Fram til 2006 vart desse varene alltid importert til Argentina, men i 2010 vart 42 % av varemarknaden dekt av verksemder frå Rio Grande og Vicente López. Lønsnivået i byen er også relativt høgt, noko som tiltrekkjer seg mange industriarbeidarar frå Argentina og andre søramerikanske land.

Byen har også eigen internasjonal flyplass.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]