Risavika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Risavika er eit område i Sola kommune i Rogaland fylke. Risavika er opphavleg namnet på ei vik ut mot Nordsjøen, men har òg vorte namn på eit industriområde. I Risavika bygde Norske Shell opp eit oljeraffineri i 1960-åra. I 1968 starta den første produksjonen på Shellraffineriet. Raffineriet vart stengd ned, og området vart reinsa for forureining fram mot 2002. Det vert arbeidd med å bruka raffineritomta i samband med hamneanlegg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]