Rising

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rising med bjørkeris er éin av avstraffingsmetodane i denne tyske karikaturteikninga frå 1849.

Rising vil seia å slå nokon fleire gonger på baken med eit knippe kvistar — eit ris — eller kan visa til å gje juling med berre handflata. «Ris på rumpa» var tidlegare ein vanleg straffemåte for ulydige ungar og noko brukt mot vaksne lovbrytarar. Som anna fysisk avstraffing er det no forbode over store delar av Europa.

Rising påfører sviande smerte, men sjeldan varige mein slik til dømes pisking eller kjepp-pryling kan gjera. I tillegg kan det gje den som blir rist skamkjensle gjennom at bakenden og i nokre tilfelle genitalia blir blotta.

Å slå eller daska nokon med ris er også blitt brukt i samband med fastelavn og badstuebruk. Det er her snakk om ei godsinna form for rising der ein slår lett over heile kroppen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rising var lenge ein utbreidd straffemåte i heimar, skular og innan rettssystemet i Europa og europeisk-påverka område. Ris kan lagast på enkelt vis av lett tilgjengelege kvistar. I nokre høve kunne ein del av risestraffa vera å plukka kvistane til riset sjølv — å laga ris til eigen bak. På 1800-talet blei pryling med kjepp noko meir utbreidd, og på 1900-talet blei rising hovudsakleg brukt som straff for uskikkelege unge, medan det tidlegare også hadde vore brukt mot vaksne.

Rising blei avskaffa som ein juridisk straffemåte i 1948 i Storbritannia, men kunne brukast for alvorlege brot på fengseldsdisiplin fram til 1962. Ein heldt også på straffemåten i dei britiske kroneigedommane Jersey, Guernsey og Isle of Man til ut i 1960-åra — på den sistnemnde kunne ein risa ungdomsforbrytarar fram til 1976.

I Trinidad og Tobago er rising i tillegg til pisking frankeus ein mogleg straffemåte for menn. Lågalderen for ei slik straff blei heva frå 16 til 18 år i 2000, då fysisk avstraffing også blei forbode i skular.

Rising i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Rising er ein mykje brukt bileteklisje for å framstilla uskikkelege ungar. Ein finn han til dømes ofte i teikneserien Knoll og Tott, der nesten kvar episode ender med at Knoll og Tott eller ein annan person i serien får ris.