Riskrem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Riskrem. (Foto: Malene Thyssen)

Riskrem, òg kjend som risalamande (dansk pseudofransk nydanning frå *riz à l’amande, ‘ris med ein mandel’) eller ris à la Malta (svensk, truleg ei forvansking av det danske namnet), er ein type rispudding basert på kald risgraut rørt saman med piska kremfløyte og litt sukker/vaniljesukker eller mandeldråpar. Ofte er det òg ein heil mandel eller fleire hakka mandlar i, særleg i Danmark og Sverige. Riskrem blir oftast servert med raudsaus og er ein vanleg juledessert. I følgje «Opplysningskontoret for meieriprodukter» har 44 % av nordmennene riskrem til dessert på julaftan.

Dersom ein nyttar berre ein heil mandel i riskremen er det mange plassar tradisjon for at han eller ho som finn han vinn ein marsipangris eller sjokoladenisse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]