Risle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Risle
Risle nær Pont-Audemer.
Risle nær Pont-Audemer.
Utspring Normandie
Munning Seinen
Land i nedslagsfelt Frankrike Frankrike
Lengd 144 km
Middelvassføring 14 m³/s
Nedslagsfelt 2 310 km²

Risle (mindre brukt er Rille) er ei 144 km lang elv i Normandie i Frankrike, og ei av sideelvane til Seinen frå venstre.

Elva har sitt utspring i Orne vest for L'Aigle, og kryssar den vestlege delen av departementet Eure frå sør til nord, og munnar ut i elvemunningen til Seinen på venstresida nær Berville-sur-Mer. Dalen hennar er ein del av Pays d'Ouche og er grensa mellom regionane Lieuvin og Roumois.

Risle vert rekna som ei kystelv, og fiske er vanleg nedanfor Pont-Audemer.

Den største sideelva hennar er Charentonne. Risle renn gjennom følgjande departement og kommunar: