Risopatrón-basen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 62°22′42.7″S 59°41′53″W
Risopatrón-basen
stasjon
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Robert Island
 - koordinatar 62°22′42.7″S 59°41′53″W
Administrert under Antarktistraktaten
Risopatrón-basen is located in Antarktis
Risopatrón-basen (Antarktis)

Risopatrón-basen, òg kalla Luis Risopatrón-basen, er ein liten chilensk forskingsbase i Antarktis nordvest på Robert Island i Sør-Shetlandsøyane. Han ligg på eit eid mellom Coppermine Peninsula og Alfatar Peninsula og grensar til Carlota Cove i nord og Coppermine Cove i sør. Han vart grunnlagd som ein tilhaldsstad i 1949 og ein base i 1954. Om sommaren vert det her drive forsking på geologi, geofysikk og biologi.

Basen er truleg kalla opp etter den chilenske geograf Luis Risopatrón (1869-1930) som laga eit omfattande stadnamnregister i Chile i 1924.

Basen ligg 1,61 km søraust for Fort William, 1,63 km nord-nordvest for The Triplets, 11,3 km nordvest for Arturo Prat-basen og 8,16 km nord-nordaust for Maldonado-basen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]