Risto Laakkonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Risto Laakkonen
Statsborgarskap Finland
Fødd 6. mai 1967 (56 år)
Kuopio
Idrett skihopping
Tok del i

Skihopping under Vinter-OL 1992 – Laghopp

Risto Laakkonen (fødd 6. mai 1967 i Kuopio) er ein finsk tidlegare skihoppar.

Laakkonen debuterte i verdscupen i 1986 i Harrachov med ein åttandeplass. Dei neste åra høyrde til han verdstoppen, og i 1988 og 1989 vann han verdscuprenn i Thunder Bay i Canada.

Vinteren 1988/89 gjekk han til topps samanlagt i den prestisjetunge hoppveka. Den same sesongen oppnådde han òg si beste samanlagtplassering i verdscupen – han blei nummer sju.

Under VM 1989 i Lahti blei Laakkonen verdsmeister i laghopping, og kom på andre plass under VM 1991 i Val di Fiemme. Under OL 1992 tok han òg gull i laghoppinga. Etter OL-sesongen la han opp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]